Song for alle i Sæbyggjen onsdagar
Kvar onsdag frå klokka 16.30-17.30 rungar songrøystene i Sæbyggjen i Valle!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.09.2025 08:59
Sist endra 17.09.2025 08:59

Då er det “Song for alle” med Anna Slaby Driel som vokal forsongar. Denne uformelle musikalske samlinga for vaksne er for alle - mottoet er at ein kjem og syng med den røysta ein har! Det er kultur og fritid ved Valle kulturskule som står bak songdagane.