Spennande møte med krimforfattar på Valle skule!

Det handla om detektivar og tjuvar, action og spenning då krimforfattar Jørn Lier Horst vitja Valle skule onsdag i denne veka. Gjet om elevane var med!

Jørn Lier Horst med elevane Tellef B. Harstad, Erlend R. Hovet og Anja Åkre. - Klikk for stort bileteJørn Lier Horst med elevane Tellef B. Harstad, Erlend R. Hovet og Anja Åkre. Ole Birger Lien

Lier Horst, som har gjort seg bemerka med bøker både for vaksne og born, og ikkje minst som deltakar i realityserien “Forræder” på TV2, hadde for å seie det forsiktig elevane i si hule hand då han la ut om alt frå Detektivbyrå nr. 2 til Operasjons-serien og Clue-serien. Sterk på formidling som den tidlegare politimannen er, sat borna heilt ute på stolkanten for å få alt saman med seg!

Barneskule og mellomsteg

Clue-bøkene til Lier Horst er det også laga film av, så forfattaren hadde mykje å fortelje om i Valle. Først var han saman med 1.-4. klasse, så var det 5.-7. klasse sin tur. Interessa var det som sagt lite å seie på, og det spørs om vitjinga ikkje la grunnlag for endå fleire bokhestar på Valle skule!

Krimforfattaren fekk verkeleg elevane med seg då han fortalde om alt frå Detektivbyrå nr. 2 til Clue-bøkene. - Klikk for stort bileteKrimforfattaren fekk verkeleg elevane med seg då han fortalde om alt frå Detektivbyrå nr. 2 til Clue-bøkene. Ole Birger Lien