Språkkaféen i Valle hadde flott tur til Dalen

Siste dagen i mai var gjengen som msamlar seg til språkkafé i Valle på tur til Dalen i Telemark. Det vart ein innhaldsrik dag med noko for alle.

Alle hadde med seg sin favorittmat, så grillinga stod ikkje tilbake for noko. Då delegasjonen kom til Dalen og forbi vakre Dalen hotell, fekk dei lov til å både inn men også få ei omvisning i det staselege bygget som har husa alt frå predikanten Åge Samuelsen til tyske keisarar! Ei lita innføring i historien fekk dei også med seg i løpet av vitjinga.