Stadig fleire får nyheitsvarsling frå Valle via appen Civis

Rundt påskebel i år tok Valle kommune i bruk appen Civis, som sender ut varsling til mobilen kvar gong kommunen legg ut ei nyheitssak på heimesida. No har snart 700 brukarar lasta ned gratisappen.

Alle som lastar ned Civis og fylgjer Valle kommune får varsel med ei overskrift, bilete og ein ingress. Er ein interessert i meir om den aktuelle saka, er sjølve oppslaget på heimesida bare eit tastetrykk unna. Det er altså gratis å laste ned og bruke Civis. 

Sjølvbetjening

I tillegg til varslinga er det ein eigen sjølvbetjeningsfunksjon der ein kan finne alt frå politiske saker til postlister og viktige telefonnummer.

HER kan du laste ned Civis for Android

HER kan du laste ned Civis for Apple

Hugs å krysse av at du vil fylgje Valle kommune!