Stadig fleire fylgjer Valle kommune via appen Friskus!

Snart 1500 menneske fylgjer nyheitsmeldingar frå Valle kommune via appen Friskus. Appen er gratis å laste ned og bruke.

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Valle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er Valle kommune ein vil fylgje! Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.

FRISKUS FOR ANDROID

FRISKUS FOR APPLE