Stadig fleire lastar ned Friskus og fylgjer Valle kommune!

Nesten 1400 menneske fylgjer Valle kommune via nyheitsappen Friskus - og talet aukar stadig.


 

Appen er gratis for alle brukarar - og fungerer slik at når Valle kommune legg ut ei nyheitssak på heimesida så får ein eit varsel og eit pling på mobilen. Når ein opnar varselet får ein ei overskrift og eit bilete, og kan sjølv velje om ein vil trykke seg inn i saka eller la det vere. For Valle kommune er poenget “jo fleire jo betre” - difor er oppmodinga klar: LAST NED FRISKUS OG KRYSS AV FOR Å FYLGJE KOMMUNEN!

HER LASTAR DU NED FRISKUS FOR ANDROID

HER LASTAR DU NED FRISKUS FOR APPLE