
For den som nyttar Civis, men som ikkje har fått varsling på nokre dagar, kan det vere lurt å sjekke at alt er som det skal. I utgangspunktet skal det kome varslingar alle virkedagar. Civis arbeider no med ei løysing der ein kan oppdatere som ein funksjon i appen - men inntil vidare er beste måten å slette appen og laste inn på ny.
Varslingar om stort og smått
Civis sender nyheitsvarsel til mobiltelefonen til dei som fylgjer kommunen. Ein kan fylgje inntil 10 kommunar. Appen er gratis å bruke, og er ein enkel måte å få med seg kva nyheiter kommunen publiserer.
Har du ikkje Civis? HER er vegen for å laste ned appen.