Stadig fleire nyttar Valle kommune sitt Familiekort!

I Valle kommune er det innført eit såkalla familiekort som gjev fastbuande både rabattar og gratistilbod innan idrett og aktivitet. Stadig fleire gjer seg nytte av tilbodet.

For fastbuande familiar i Valle kommune er det gratis på familiebading. - Klikk for stort bileteFor fastbuande familiar i Valle kommune er det gratis på familiebading.

Familiekortet, som ikkje er eit fysisk kort ein går med i lomma, men ei ordning for alle fastbuande, er todelt. Den første delen handlar om familiebadinga. Den er enkelt og greitt gratis for alle familiar, etter at ordninga vart innført. Det betyr at same kor mange ein er i familien, og same kor jamnt ein vil lauge seg, så kostar det null og niks.

Rabatt på medlemskap i Valle IL

Den andre delen av ordninga handlar om Valle IL. I familiar med born under 16 år kan ein få tilskot frå kommunen for deler av medlemskapet. Kvar familie kan få 800 kr. av kommunen. Medlemskapet i idrettslaget kostar 200 kr. Då seier det seg sjølv at i familiar med inntil fire medlemmer er det gratis å vere med i Valle IL - ein betalar ikkje før det eventuelt er snakk om eit familiemedlem nr. fem.

– Me ser at ordninga har gjeve resultat, ikkje minst på familiebadinga. At me har gjort søknadsprosessen enkel spelar også inn. No håpar me bare at endå fleire gjer seg nytte av tilbodet, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Søknadsskjemaet til ordninga finn ein på heimesida til Valle kommune. HER er link for den som vil søke.