Stadig fleire valldølar!

Folketalsutviklinga i Valle kommune er klar tale, det blir stadig fleire valldølar!

Det blir stadig fleire valldølar! I fjor kom det 17 nye til verda. - Klikk for stort bileteDet blir stadig fleire valldølar! I fjor kom det 17 nye til verda.

I 2023 vart det fødd heile 17 nye verdsborgarar i Valle kommune! 10 personar gjekk bort, noko som gjev eit fødselsoverskot på sju personar.  Total folkevekst i 2023 vart 25, og folketalet per 31.12.23 var 1205, alt i fylgje Statistisk Sentralbyrå. Auka på 25 utgjer 2,1%.

Flyktningar ikkje årsaka

Tala frå Valle kommune viser at det er større utflytting enn innflytting frå utlandet - truleg er det i hovudsak flyktningar frå Ukraina som har flutt til og frå Valle. Åtte personar frå utlandet flutte til kommunen, og 10 frå kommunen flutte ut av landet. Flyktningar kan difor ikkje forklare folketalsauken på 25 personar i fjor i og med at når ein legg saman innvandring og utvandring får ein eit negativt tal (-2). 

Tiltak for meir auke

I Valle kommune er det teke fleire grep for å bevare og styrke veksta både i folketal og aktivitet elles. Det blir innført gratis barnehage, det er rimelege tomter å få kjøpt og for dei som vil sette seg opp hus er det eit kommunalt tilskot på 500.000 kr. å hente. Kommunen lokkar med gratis kulturskule, sponsa sesongkort i Brokke alpinsenter for born og unge og eit variert tilbod innan ballidrett i Vallehalli. I tillegg kjem eit aktivt lokalt næringsliv og mykje byggjeaktivitet mellom anna i Brokke.