Stadig fleire vil ha Bygdenytt heim i postkassa!

Valle kommune sitt informasjonsblad Bygdenytt kan lesast digitalt, men ein kan også få bladet på papir heim i postkassa. Det er ei løysing stadig fleire går for.

Anette Brottveit i Valle kommune med Bygdenytt, som ein framleis kan få levert i postkassa viss ein ynskjer det. Ole Birger Lien

Bygdenytt kjem ut den 1. kvar månad. Frist for å levere stoff inn er den 25. kvar månad. Det er i Velkomstsenteret i Valle kommune at bladet blir produsert, og ein kan finne utgjevingane i papirformat både i butikkane i kommunen og i tillegg i ulike offentlege bygg. Dei ulike utgåvene finn ein også i digital form på den kommunale heimesida.

Kan få det levert i postkassa

Så er det likevel råd å få Bygdenytt levert heim i postkassa for den som helst vil det. Det er Setpro som køyrer ut og leverer.

- Det er bare å ringe eller sende ein e-post til Velkomstsenteret og seie frå at ein vil ha Bygdenytt i postkassa, så blir det slik, seier Anette Brottveit i Valle kommune. 

Ho minner om at Bygdenytt er gratis både om ein plukkar bladet opp i ein butikk, eller om ein får det levert heim. 

Telefon Velkomstsenter Valle kommune: 37937500

HER kan du sende e-post og be om å få Bygdenytt levert heim til deg