Beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen (t.v.) og kollegaen hans i Valle kommune, Torleif Homme, strekar under at samarbeidet om beredskap fører til auka aktivitet og styrka beredskap.
Ole Birger Lien
Under den nasjonale eigenberedskapsveka hadde kommunane eit felles digitalt framstøyt som handla både om det kvar enkelt av oss bør ha lagra heime og bør gjere av førebuingar i beredskapssamanheng, og kva kommunane gjer. Beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, meiner satsing som dette er viktig.
– Det er ikkje alltid like enkelt å få fokus på førebuing til noko ein håpar at ein aldri skal få bruk for, men slik er beredskapsarbeidet. Så veit me jo alle at skal det kome ein situasjon der det er behov for beredskap, så er førebuingane avgjerande, seier han.
Vil halde fram med øvingane
Kommunane Valle og Bykle skal halde fram med felles aktivitetar, mellom anna samkøyring og felles øving i kriseleiing.
– Me er ikkje fleire i desse to kommunane enn at det kan vere avgjerande å ha nokre ekstra ressursar å spele på i ein krisesituasjon. På det viset styrkar me kvarandre og er meir rusta om det skulle skje noko, seier Torleif Homme.