Stadig meir velferdsteknologi i Valle kommune

Pleie- og omsorgseininga i Valle kommune får eit stadig meir omfattande tilbod også innan velferdsteknologi. Utviklinga har vore formidabel dei seinaste åra, og stadig nye løysingar kjem på banen.

Leiar i pleie- og omsorgseininga i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, med eit lite utval av alt det kommunen nyttar innan velferdsteknologi. - Klikk for stort bileteLeiar i pleie- og omsorgseininga i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, med eit lite utval av alt det kommunen nyttar innan velferdsteknologi. Ole Birger Lien

– Teknologien er eit supplement til dei tilsette, og totalen blir betre tenester og endå betre oversikt, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.

Ho strekar under at velferdsteknologi aldri kan erstatte varme hender, men vere eit viktig verktøy både for effektivisering og kvalitet i tenestene.

Lang liste

På Valle Bygdeheim og i heimesjukepleien er velferdsteknologi eit viktig bidrag i det daglege. Tryggleiksalarmar, alarmar på dører, sensorovervaking i senger og dispensarar for medikament er bare nokre av løysingane Valle kommune nyttar.

– Me har senger som kan registrere alt frå om brukaren går ut av senga til vekt. I heimesjukepleien kan ein medisindispenser vere nyttig, og me har eit system for kommunikasjon med skjerm og tale. 

– No innfører me som første integrasjon i Agder ei seng full av teknologi som er integrert med sjukesignalanlegget. Senga kan måle vekt, og det er lagt inn eit vendesystem. Alarm frå senga er kobla direkte til sjukesignalanlegget, til dømes “ut av seng-alarm”.  Dette kan forebyggje fall, og automatisk vending av pasient kan motvirke trykksår og frigjer dessutan tid for pleiar, seier Kyrvestad.

Vil lyfte kommunane i Setesdal

Solveig Kyrvestad har teke initiativ til å lyfte kommunane i Setesdal med å innføre velferdsteknologi.

– No skal me arbeide vidare og få alle rutinar på plass. Valle kommune ser kor viktig det er å halde fylgje med utviklinga innan dette feltet. Det er også difor me har etablert ei eiga velferdsteknologigruppe i kommunen, seier Solveig Kyrvestad.

Tilsette i pleie- og omsorg i ei seng aldeles proppa av gode teknologiske løysingar.