Stadig meir vilt langs og på riksveg 9!

Sjølv om dei store snømengdene lar vente på seg ser ein stadig meir vilt ved og på riksveg 9. Oppmodinga må vere å ta det roleg bak rattet!

Ein ser stadig meir vilt ved og på riksveg 9. - Klikk for stort bileteEin ser stadig meir vilt ved og på riksveg 9. Ole Birger Lien

Kvart år blir det på landsbasis påkøyrt vilt over 9000 gonger. Somme ulykker er mindre, somme svært alvorlege. På vinterkledde vegar er ein bråstopp heller ikkje enkelt, difor handlar det først og fremst om å ikkje vere alt for hard på gassen. 

Ring politiet!

Også oppover Setesdal ser ein no stadig meir vilt ved og på riksveg 9, difor gjeld det å passe på. Hugs at viss uhellet er ute og ein køyrer på vilt, må ein melde frå til politiet på tlf 02800.