Stadig meir vilt langs og på vegane i dalen

Sjølv om det enno ikkje har kome dei store snømengdene, så ser ein stadig meir vilt langs og på vegane i Setesdal. Det kan difor ikkje skade med ein påminnar om å køyre forsiktig.

Ein ser stadig meir vilt langs vegane, så folk bør køyre forsiktig. Her eit bilete frå sist vinter. - Klikk for stort bileteEin ser stadig meir vilt langs vegane, så folk bør køyre forsiktig. Her eit bilete frå sist vinter. Ole Birger Lien

Med dei glatte vegane me har hatt her i dalen den siste tida, blir påminninga bare endå meir aktuell. Kvart år blir det på landsbasis påkøyrt vilt over 9000 gonger. Somme ulykker er mindre, somme svært alvorlege. På vinterkledde vegar er ein bråstopp heller ikkje enkelt, difor handlar det først og fremst om å ikkje vere alt for hard på gassen. 

Ring politiet!

Også oppover Setesdal ser ein no stadig meir vilt ved og på riksveg 9, difor gjeld det å passe på. Hugs at viss uhellet er ute og ein køyrer på vilt, må ein melde frå til politiet på tlf 02800.