Staten varslar kontroll av beredskapslager i alle private bustader

I fjor haust lanserte Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) nye og skjerpa krav til eigenberedskap som gjeld folk flest i heimen. Den største endringa var at ein frå no av må ha nok av vatn, mat og anna livsnødvendig til å greie seg på eiga hand i ei veke - tidlegare var det tre dagar. No har DSB pålagt kommunane å rapportere om status - det betyr at frå månadsskiftet mai/juni må kommunen ut og kontrollere beredskapslager i alle private bustader.

Beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, seier at kontrollane tar til etter påske. - Klikk for stort bileteBeredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, seier at kontrollane tar til etter påske. Ole Birger Lien

Eigenberedskap handlar altså om at ein i ein naudsituasjon i samfunnet skal kunne greie seg på eiga hand ein viss periode. Viss det skjer noko som påvirkar alle, vil naturleg nok ikkje naudetatane kunne hjelpe alle samstundes. Det betyr at det mest akutte blir teke først, og mange må vente. I fjor haust sendte DSB ut forslag til oppdaterte krav på høyring. No blir altså dei oppdaterte krava lagt til grunn. I tillegg til at ein skal sikre nok forsyningar for ei veke, går dei nye råda meir inn i medieforståing i kriser og ikkje minst kor ein skal opphalde seg. Nye tema som felles eigenberedskap og psykisk helse er også med. 

Kontrollar etter påske

Det er i heimane til fastbuande at kravet om kommunal kontroll har kome. For hyttefolk er ordninga frivillig. 

– Det er uvisst kor lang tid dette kjem til å ta, for kontrollane krev mykje ressursar. Me organiserer oss etter geografiske område, og tar til lengst sør og lengst nord i kommunen med to ulike kontrollag. Det er krav om at me skal rapportere inn seinast 1. oktober i år, seier beredskapskoordinator i Valle kommune,  Torleif Homme.

Kan få dagbøter

I tilfelle der kontrollane avdekkar manglar, vil huseigar få tre veker på seg til å få beredskapslageret på plass. Skjer ikkje det, kan det bli snakk om dagbøter til alt er i orden.

– Eg håpar jo me skal sleppe å innføre bøter. Me tar kontakt med huseigarane fortløpande, og avtalar nærare tid for kontrollane. Me reknar med at kvar kontroll skal ta om lag ein time, seier Homme.

HER ER OVERSIKT OVER KVA DU MÅ HA I BEREDSKAPSLAGERET