Statsforvaltaren i Agder i dialogmøte med Valle kommune

Torsdag 15. mai er statsforvaltaren i Agder på vitjing i Valle. På agendaen står dialogmøte med kommunen om det såkalla kommunebiletet. I kommunestyresalen i Valle sit statsforvaltar Gina Lund, og med seg har ho heile leiargruppa si.

I kommunestyresalen i Valle torsdag 15. mai. Frå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, statsforvaltar Gina Lund og kommunedirektør Vidar H. Homme. Ole Birger Lien

I Valle får delegasjonen treffe representantar både frå administrasjonen og dei folkevalde i Valle kommune. Kommunebiletet er heilt enkelt statsforvaltaren si framstilling av stoda i Valle kommune. I løpet av dagen i Valle skal ein gå gjennom ei heil rekke punkt som omfattar alt frå kommuneøkonomi og arealbruk til beredskap, helse og sysselsetting.

– God dialog

– Me ser fram til dagen saman med statsforvaltaren og hennar lag, sa ordførar Lars Tarald Myrum då han helsa velkomen.

– Mykje av poenget her i dag er at me skal bli betre kjent med kvarandre. Jo nærare me er kvarandre, jo betre samarbeider me, sa statsforvaltar Gina Lund.