Stor adventshelg i Valle og Hylestad!

Adventshelga i Valle og Hylestad blir meir omfattande i år enn nokon gong. Frå open idrettshall til ljosmesse, her skal vere noko for folk i alle aldrar.

Det er mykje på adventsprogrammet i Valle kommune til helga. - Klikk for stort bilete Arkiv

Adventshelga er også meir samordna i år enn tidlegare, så ein unngår programpostar som blir skipa til samstundes og liknande situasjonar. 

- Me trur programmet skal passe dei fleste, og gler oss veldig, seier kulturleiar i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Bollar og kakao

1. laurdag i advent, 2. desember, tar det heile til med open idrettshall og aktivitetar i Valle kultursenter frå klokka 13-16.30. I tillegg til at sjølve hallen er open, er det råd med alt frå familiebading til kunstverkstad, dans og ikkje minst buldring.

- I Valle sentrum blir det bollar og kakao framom gamle Joker klokka 16.30, før det er samling ved Hasla klokka 17. Der kjem ordførar Lars Tarald Myrum med adventshelsing, ljosa på joletreet skal tennast og elevar frå kulturskulen med Anna Slaby Driel har kulturelt innsmett med "Du grønne glitrende tre" - og der kan alle kaste seg med i synginga! 

- Det blir også fakkeltog opp til Valle bygdeheim. Ein kan få kjøpt fakkel for ein femtilapp, men dei som vil det må gjerne ta med seg si eiga lykt, seier Nyberg.

Ljosmesse

1. sundag i advent, 3. desember, er det i Hylestad det går føre seg. Klokka 16 er det ljosmesse med årets konfirmantar i Hylestad kyrkje, der det også blir kulturelle innslag frå kulturskulen. Ein reknar med at arrangementet i kyrkja held på til litt før fem. Vel ute frå kyrkja blir det tradisjonen tru fakkeltog opp til Setesdalsmuseet - og museet deler ut faklar. Frå klokka 17.30 er det adventskos på Setesdalsmuseet. Der blir det mellom anna framsyning av Snekker Andersen, arrangert av Valle bibliotek og Folkeakademiet Valle. I tillegg kjem Valle leikarring og elevar frå kulturskulen med ein programpost i regi av kulturskulen.

- Så blir det sjølvsagt mat å få kjøpt. Her ligg det an til ein skikkeleg triveleg dag og ettermiddag i lag med sambygdingar og tilreisande, seier Torunn Charlotte Nyberg.