Stor interesse for Valle kommune sin bygdebuss

Valle kommune har kjøpt inn to minibussar som skal nyttast til utleige til private lag og organisasjonar. Den eine er no i bruk, medan den andre blir levert utpå våren. Pågangen er god, men det er stadig plass til fleire brukarar.

Valle kommune har skaffa minibuss lag og organisasjonar kan leige. - Klikk for stort bileteValle kommune har skaffa minibuss lag og organisasjonar kan leige. Ole Birger Lien

Minibussen, ein Wolksvagen Caravelle, har plass til åtte passasjerar og sjåfør. Tilgangen til bussen skal vere med på å fremje trivsel og sosial tilhøyrigheit. Så er det ein stor fordel at denne minibussen kan køyrast med vanleg førarkort i klasse B. Det betyr at tilgangen til sjåførar bør vere ein heilt annan enn viss det var krav om utvida sertifikat.  Kommunen skal også nytte minibussen til ulike behov på dagtid.

Samkøyring

Bussen kan nyttast av lag og organisasjonar og til aktivitetar og samkøyring knytt til desse. Den kan og nyttast til samkøyring til skisenteret. I samband med samkøyring skal låntakar så langt som råd, sikre at flest mogleg får tilbod om skyss. I utgangspunktet skal bussen lånast ut for dags-/ettermiddagsturar i samband med aktivitetar, men i spesielle høve kan bussen lånast ut for lengre periodar, til dømes i samband med helgeturar, turneringar og liknande.

Må laste ned app

Den eller dei som vil nytte bussen, må laste ned Solverapp i App Store eller liknande. I appen kan ein stadfeste identiteten sin, og få kode til nøkkelboksen der bilnøklane er ved å finne fram til “Minibuss Valle”.

HER finn du bruksanvisning til Solverapp 

Regelverket knytta til bruk av minibussen finn du HER

Meir om ansvar og plikter i høve bruk av minibussen kan du lese HER

For spørsmål til leige av minibussen kan ein ringe Velkomstsenteret i Valle kommune på tlf 37937500.