Stor skredfare i heiane

Mykje nedbør og ustabilt ver den siste tida har ført til stor skredfare rundt om i heiane.

Det er stor skredfare rundt om i heiane. - Klikk for stort bileteDet er stor skredfare rundt om i heiane. Ole Birger Lien

Å Energi har gått ut og minna om at på regulerte vatn kan isen vere usikker. Også på vatn som ikkje er regulerte skal ein aldri stole heilt på isen, men sjekke viss ein er i tvil.

Skredfare

Så er det altså rapportert om stor skredfare rundt om i heiane. Det vil sjølvsagt vere lokale variasjonar, men som med isen bør ein aldri ta sjansen i skråningar og elles viss ein ikkje er sikker på korleis forholda er. På Varsom.no kan ein fylgje med på meldingar om skredfare - HER finn du sida.