Storøving på fjellredning i Bykle til helga

Helga 26.- 28. januar skipar politiet til samvirkeseminar vinter på Geiskelid i Bykle. Seminaret er rett og slett ei heil helg der ulike redningsetatar øver seg på fjellredning vinterstid, og aktive fjellreddarar frå heile dalen får auka kompetansen sin.

Norsk luftambulanse og mange andre organisasjonar er med på storøvinga i Bykle siste helga i januar. - Klikk for stort bileteNorsk luftambulanse og mange andre organisasjonar er med på storøvinga i Bykle siste helga i januar. Norsk luftambulanse

Det er andre året på rad at dette seminaret blir skipa til på Geiskelid. Bakgrunnen for satsinga er at politiet saman med dei frivillige organisasjonane, som mellom andre Raudekrossen, Heimevernet og Norsk Luftambulanse, skal bli flinkare på samarbeid og samhandling i ein redningssituasjon. Seminaret er lagt til Heimevernet sitt kurssenter, der alle deltakarane også får rom og mat. 

To kurs

I løpet av ei innhaldsrik helg skal det gjennomførast to kurs. Det første er “Vidaregåande ferdselskurs vinter”. Raudekrossen i Rogaland skipar til dette kurset, der ein skal sikre at frivillige i redningstenesten har nødvendig kompetanse innan ferdsle i skredterreng under søk- og redningsoppdrag. Kurset er for redningspersonell som opererer i skredfarleg terreng, og alt frå scooterførarar til lagleiarar i vinteraksjonar er aktuelle deltakarar. Av tema på kurset er mellom anna planlegging av tur, eigentryggleik, gruppedynamikk, terreng og snø. Også risikoreduserande tiltak og trygge vegval er viktige tema.

Samvirke i vinterfellet

Det andre kurset, “Fordjupning - samvirke i vinterfjellet”, blir skipa til av tverrfagleg kursstab. Formålet er at deltakarane skal utveksle og byggje kompetanse innan fjellredning vinterstid, med særleg fokus på samhandling. Av innhald kan ein nemne pasientbehandling utanfor veg, behandling av nedkjølte pasientar, samhandling med luftressursar og utrykning i krevjande terreng. 

Må fungere når det gjeld

Den omfattande kurshelga på Geiskelid er eit godt døme på viktig arbeid ein håpar det aldri skal bli bruk for. Så veit ein at i vinterlandet Noreg skjer det ulykker der innsatsen frå ulike redningsetatar kan vere skilnaden på liv og død. Med det som bakteppe er det avgjerande at dei som må rykke ut får den treninga og kompetansen dei skal ha - så alt fungerer når det verkeleg gjeld.