Det er ope møte om villrein i Hovden grendehus torsdag 24. oktober klokka 17.Det er den komande tiltaksplanen som skal betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde som står på agendaen denne ettermiddagen. Det betyr at alle med interesse for, meiningar om eller innspel til arbeidet med tiltaksplanen kan møte opp.
Tiltak gjennom mange år
Stortingsmeldinga “Ein forbetra tilstand for villrein” og handsaminga av denne i Stortinget er med på å danne grunnlag for vidare arbeid med tiltaksplanane. Dei ulike villreinområda i Noreg skal få sine eigne tiltaksplanar. Dei første planane skal sendast ut på høyring i løpet av året og vedtakast i løpet av 2025.
– I og med at statssekretæren deltar på møtet er dette eit ypperleg høve til å få beslutningstakarane i tale. Det er viktig at dei som har meiningar og innspel om forslaga til tiltak seier klårt og tydeleg frå. Mange av forslaga kan medføre store konsekvensar for heieliv og ferdsle, og det er no me må seie kva me meiner og delta i prosessen, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.