Stortingsvalet 2025 - førehandsrøysting

Valdagen er i år måndag 8. september. Har du ikkje høve til å røyste på sjølve valdagen kan du i perioden frå 11. august fram til og med 5. september førehandsrøyste på kommunehuset kvardagar mellom klokka 0800 og 1500. 

I tillegg kan du røyste på soknehuset og velkomstsenteret desse tidspunkta: 

Dag

Dato

Stad

Klokkeslett

Torsdag

14.8

Kommunehuset

Langope til kl. 18

Torsdag

21.8

Hylestad soknehus

Kl. 15-18

Torsdag

28.8

Kommunehuset

Langope til kl. 18

Laurdag

30.8

Kommunehuset

Kl. 10-14

Torsdag

04.9

Hylestad soknehus

Kl. 15-18

 

Er du manntalsført i annan kommune kan du likevel kome innom til oss å førehandsrøyste, vi sender til kommunen du er manntalsført i.

Er du usikker om du er manntalsført i Valle kommune kan du innom kommunehuset og sjekke manntallet som ligg til offentleg ettersyn fram til valdagen.

 

Det blir institusjonsrøysting ved Valle bygdeheim onsdag 3. september kl. 11-13. Det vert høve for tilsette og gjester, å røyste ved institusjonsrøystinga.

 

Røyste heime?

Personar som ikkje kjem seg til røystelokalet for å røyste kan få røyste heime.  Frist for å søkje om å få røyste heime er 04.09.2025 innan kl. 12:00.  Søknad kan sendast Valstyret i Valle, postboks 4, 4746 Valle.  Du kan og søkje ved å sende e-post til gunn.marith.homme@valle.kommune.no eller ringe 91837000.

 

For meir informasjon om valet sjå her: www.valg.no