Strålande vermelding for nasjonaldagen!

I morgon er det 17. mai, og på toppen av eit innhaldsrikt program for store og små så blir det etter alt å døme ein strålande dag også vermessig!

Bilar som denne Daniel Homme kom med 17. mai for nokre år sidan kan nok dukke opp i bilkortesjen frå Hylestad til Valle i morgon. - Klikk for stort bileteBilar som denne Daniel Homme kom med 17. mai for nokre år sidan kan nok dukke opp i bilkortesjen frå Hylestad til Valle i morgon. Ole Birger Lien

For det flotte veret me har hatt den siste tida held fram. Prognosene for nasjonaldagen i Valle er 22 varmegrader, lite vind og sol frå nesten skyfri himmel! Dagen i Valle tar til med skramletog på Rysstad klokka 07. Med det bør alle, i alle fall dei som bur i nærleiken av sentrum og sørover, vakne i grei tid. Skramletoget, fullt av born med blåser og alt anna som lagar lyd, er effektivt som vekkeklokke! På Rysstadmo stiller bilar og køyretøy elles seg klar til biltog klokka 10.45.  Klokka 11 går biltoget frå Rysstad til Valle med Agder motorhistoriske klubb i spissen. Det blir stopp ved Hylestad kyrkje, der elevar frå 9. klasse legg ned krans ved bautaen. Klokka 12 er det gudsteneste i Valle kyrkje, og 12.45 er det tale og kransenedleggjing ved bautaer. Også i Valle er det 9. klassingane som tar seg av dette. Det tradisjonsrike folketoget går frå Valle kyrkje med skuleklassar først og bygdefolk elles etter sørover til Valle kultursenter. 

Full rulle i Valle kultursenter

I Valle kultursenter tar matsalet til klokka 12. Det blir leikar og aktivitetar frå klokka 13. Frå 14.30 er det kulturinnslag med elevar frå leikarringen og Valle kulturskule. Karin Haugen held tale for dagen, og “Ja, vi elsker dette landet” skal runge som allsong! Programmet er ferdig klokka 16, men FAU byr inn til grilling frå klokka 18 på Valle stadion. Der må folk ta med mat og drikke, og noko å sitte på. 

Valle Bygdeheim

Ved Valle Bygdeheim held ordførar Lars Tarald Myrum tale klokka 10.30. Også der skal kulturskule og leikarring i sving, ikkje minst kjem nok alle til å gå ut for å få med seg biltoget, som tar sveiven oppom. Gudstenesta i Valle kyrkje blir videooverført, og klokka 13 er det middag og anna triveleg. Også det som skjer i Valle kultursenter blir videooverført til heimen. 

Valle radio med

Valle radio har sending frå 11.30-15.30. Gudsteneste, markering ved bauta, kulturinnslag og tale for dagen i kultursenteret blir sendt direkte.  

Her er lenke til heimesida til Valle radio.