Styremøtet i Setesdal regionråd i Valle i gang
Onsdag 6. november har styret i Setesdal regionråd samla seg til møte i kommunestyresalen i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.11.2024 10:39
Sist endra 06.11.2024 10:39
Setesdal regionråd har styremøte i Valle onsdag 6. november.
Ole Birger Lien
Blant punkta styret skal sjå på etter ulike orienteringar er søknad om støtte til utvikling av Bykletunet, støtte til oppføring av lagerbygg i Nesmoen næringspark og ein gjennomgang av det som er gjort i arbeidsgruppa som ser på statlege arbeidsplassar i Agder.
Historiebok
I løpet av dagen får styret også ein søknad frå Evje og Hornnes sogelag om støtte til bokutgjeving på bordet, og ein skal sjå på alt frå regional samhandling til felles utspel om karbonfangst. Møtet tok til klokka 10.