Sundag klokka 12 går bøsseberarane for TV-aksjonen i gang!

Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. Klokka 12 går bøsseberarane i gang.

I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv. 

200.000 menneske

Målet er å skaffe nok midlar til å kunne støtte 200.000 menneske i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia. Klokka 12 sundag legg altså bøsseberarane i veg - i bygd og grend rundt om i kommunen.

Ein kan også gje via Vipps nr 2133.