Tannklinikken i Valle stengt frå 20. desember og ut året

Frå og med fredag 20. desember er tannklinikken i Valle stengt, og opnar ikkje att før 2. januar.

Tannklinikken i Valle er stengt i jola. - Klikk for stort bileteTannklinikken i Valle er stengt i jola. Ole Birger Lien

For akutt hjelp i den perioden er det Evje tannklinikk ein må vende seg til på telefon 37930195. Unnataket er 28. desember. Den dagen er det Byremo tannklinikk på telefon 38281200 ein må ringe. 

Alle heilagdagar er det tannlegevakt i Kristiansand på telefon 97007821 - i tidsromet 11-13.