Tomas G. Agdersen (t.v.) i HSH AS og Sverre Rinden i Valle kommune er sers nøgde med det totalopprusta tannlegekontoret i Valle.
Ole Birger Lien
Det er entreprenørverksemda HSH AS som har hatt hovudansvaret for prosjektet.
– Arbeidet har gått etter planen, og me er nøgde med samarbeidet med kommunen og sluttresultatet, seier prosjektleiar i HSH, Thomas G. Andersen
Arbeidsplass for ein tannlege
Kontora, der det no er tumleplass for ein tannlege, er no klare til bruk.
– No har me nye og moderne lokale til leigetakar Agder fylkeskommune, slår driftsleiar i teknisk eining i Valle kommune, Sverre Rinden, fast.