
“Tante” har fostra idrettsutøvarar som Ole Einar Bjørndalen, Petter Northug, Marit Bjørgen og ikkje minst Erling Braut Håland - og skal ein døme etter resultata dei har oppnådd, har det i alle fall ikkje stått på maten! Så seier det seg sjølv at her kan ein vente både ein og fleire historiar frå Torbjørg sine reiser med desse store idrettsfolka!
"På tur med tante"
Det er Hylestad Bygdekvinnelag og Valle pensjonistforeining som skipar til kvelden “På tur med Tante” i Hylestad soknehus 26. september klokka 19. Det blir servert fingermat som del av arrangementet.
I utgangspunktet ville me ikkje ha omtala eit arrangement som ikkje er i kommunal regi her på heimesida - men på grunn av ein glipp i kommunen kom ikkje saka med i Bygdenytt - difor gjer me eit unnatak denne gonga.
Påmeldingsfrist 20. september
For den som vil ha med seg treffet med “Tante”, er det påmeldingsfrist 20. september. Ein melder seg på til Kirsten Bråten Berg på epost kirstenbraatenberg@gmail.com eller SMS til tlf 91163450.
Pris inngong: 250 kr.