Temadagar om trygg seksualitet i ungdomsskulane i Bykle og Valle

Nyleg vart den såkalla “Veke 6” gjennomført for ungdomsskuleelevar i Bykle og Valle, og i resten av landet. Det handla om temadagar om sex og seksualitet i regi av organisasjonen Sex og Politikk og i samarbeid med fleire einingar i kommunen.

Veke 6 på Bykle skule. Psykolog Silje Rygnestad Nesvaag i samtale med frå venstre Sol Thrane Bye, Celina Enes Seberg, Tiril Flaten Hamre, Nora Ekeberg Pålsson og Vilde Bentsen Breive Lidtveit, alle i 8. klasse. - Klikk for stort bileteVeke 6 på Bykle skule. Psykolog Silje Rygnestad Nesvaag i samtale med frå venstre Sol Thrane Bye, Celina Enes Seberg, Tiril Flaten Hamre, Nora Ekeberg Pålsson og Vilde Bentsen Breive Lidtveit, alle i 8. klasse. Ole Birger Lien

På skulane i Setesdal var alt frå helsesjukepleiar til psykisk helse, fysioterapeut og sosialpedagogisk rådgjevar med for å gjere tilbodet til elevane så innhaldsrikt som råd. “Veke 6” er eit landsomfattande undervisningsopplegg der målet er å auke kompetanse og tryggleik knytta til ulike problemstillingar ved seksualitet. Når utgangspunktet er at ein veit at overgrep blant og mot unge er eit aukande samfunnsproblem, er temaet diverre både aktuelt og relevant.

Naturleg

Seksualitet er ein heilt naturleg del av identiteten til alle menneske, og det er like naturleg at born og unge er nyfikne også på desse områda. Så lev me i eit informasjonssamfunn der ein kan finne også det meste om sex og seksualitet på internett. Diverre er ikkje internett eit orakel der alle svar ein finn fram til er korrekte. Snarare tvert om, ein kan aldri vite om det ein finn er rasjonelle, fornuftige fakta eller beint fram ei framstilling som kan vere feil eller i verste fall skadeleg. Det er noko av bakgrunnen for temadagane på skulane.

– Det handla mellom anna om trygg og ok seksualitet, forelskelse og flørting, å kjenne grenser og ikkje minst ulike problemstillingar knytta til porno. Det var også rom for fri samtale og spørsmål, seier Ann Cecilie Andersen, sosialpedagogisk rådgjevar i Bykle kommune.

Vil mytene til livs

I løpet av dagen vart det skipa til ulike stands med informasjon og samtalar. Kropp - myter og misforståelsar, anatomi, identitet, forelskelse og avvisning, porno og ikkje minst grensesetting, alt dette og meir til fekk elevane gode samtalar rundt. Som del av opplegget er det at alle skulane har helsesjukepleiar ein fast dag i veka, og elevar som måtte ha spørsmål etter Veke 6-opplegget kan kome dit og prate om det dei har lyst til.

– Vi har alle eit ansvar i dannelsen av folkeskikken hos barna våre, også den seksuelle dannelsen, og vi ynskjer difor å gi gje foreldre tips til ressursar ein kan ta med i dei samtalane som kan opplevast vanskelege, seier Birgit Fidje, psykisk helse.

Ho meiner desse linkane kan vere nyttige:

Foreldretips - råd for å snakke med born om porno 

Sjansen for at du spolerer samtalen er stor - RVTS Sør 

Foreldrehverdag - Bufdir

Snakk med oss - Redd Barna

Frå "Veke 6" ved Valle skule. - Klikk for stort bileteFrå "Veke 6" ved Valle skule.