Det kombinerte søppel- og pumpehuset byrjar å ta form.
Prosjekthuset AS
Målearbeidet inne er i full gang, også installeringa av teknisk utstyr er starta opp. Ute tar no det kombinerte søppel- og pumpehuset å ta form, og det eksisterande taket mellom symjehallen og idrettshallen er under utbetring. Gamal tekking blir fjerna og ny lagt på.
Inngong flutt tilbake
Grøftegraving på sørsida av idrettshallen no ferdig, og inngong til møykjeromet og idrettshall er flytta tilbake mellom SFO og idrettshall, sjå grøn pil på skisse. Det foregår fortsatt arbeid ifbm ombygging av SFO, men arbeidet skal ikkje vere til hindre for å kome forbi byggegjerde.
Grøfting snart ferdig
Grøftearbeid langs vestsida av skulen, nordover og rundt hjørnet til barne-/ungdomsskulen er snart ferdig, men arbeidet vil vare litt ut i veke 41. Tilkomst til parkeringsplassen og parkering for dei tilsette vil vere tilgjengeleg, men vi oppmodar om å bruke parkeringa ved hybelbygget/barnehagen også ut neste veke. Uteområde og parkeringsplass skal vere ferdig opparbeida og asfaltert i haust.


Installering av ventilasjon og teknisk utstyr er i full gang.
Prosjekthuset AS