Tilkomst til Møykjeromet og hallen flytta på grunn av graving

Det går no føre seg gravearbeid mellom SFO og idrettshallen i samband med energirøyr og brannvatn ved nye Valle kultursenter. Arbeidet blir gjort i løpet av denne og neste veke - og fram til alt er på plass blir tilkomsten til Møykjeromet og hallen flytta til sørsida av SFO/gamle internatbygget.

Prosjekthuset AS

Den grøne pila på skissa viser kor det er trygt å gå. Ein skal benytte same inngongsdør som tidlegare på sørsida av idrettshallen. Anleggsområdet er avsperra med gjerde på begge sidene, og det kjem piler på gjerde slik at det vert enkelt å finne fram.

Arbeid på SFO

Samstundes som det blir jobba med kulturhusprosjektet pågår det arbeid på SFO, og difor vil det vere ekstra utfordrande ein kort periode. 

– Men ein håpar at det skal gå så smertefritt som råd - anleggsarbeidarane har fått beskjed om å vere ekstra varsame og oppmerksame for publikum, seier prosjektleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.