Tilskotsordning for "Villreinfjellet som verdiskapar"

Tilskotsordninga Villreinfjellet som verdiskapar skal stimulere til verdiskaping knytt til dei nasjonale villreinområda, og særleg retta mot ulike deler av reiselivet. No kan ein søke om tilskot til ordninga.

Programmet skal bidra til ei god gjennomføring av regionale planar for nasjonale villreinområde, og til å utvikle og spreie kunnskap om villrein og villreinfjellet til ulike målgrupper.

– Ein søknad om eit prosjekt må vere knytt til eit avgrensa geografisk område eller eit tema som det skal arbeidast med i fleire geografiske område, seier rådgjevar plan og næring i Valle kommune, Åse Ingebjørg Flateland.

Må ha organisasjonsnummer

Søkjar på tilskot frå ordninga må ha organisasjonsnummer og kunne vise til kapasitet og kompetanse til å gjennomføre prosjektet. 

Meir om ordninga og søknadsskjema finn ein HER

Søknadsfrist er 15. januar 2025.