Tilskotsordning til "levande bygder og grender kring villreinfjella"

No er det råd å søke om økonomisk støtte til tiltak som bidreg til bygde- og næringsutvikling kring villreinfjella Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal austehei. 

Plan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, ynskjer forslag til gode utviklingsprosjekt kring villreinfjella. - Klikk for stort biletePlan- og næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård, ynskjer forslag til gode utviklingsprosjekt kring villreinfjella. Ole Birger Lien

Støtteordninga er forankra i handlingsprogrammet til Heieplanen 2024-2027.

– Formålet med ordninga er å leggje til rette for aktivitetar og opplevingar som styrkjer næringsutvikling og bu- og stadsattraktivitet, utan at dette kjem i konflikt med leveområda til villreinen, seier næringsrådgjevar i Valle kommune, Kay Arne Søgård.

Verdiskaping

Tilskotsordninga er altså ein sjans til å samarbeide om utvikling og verdiskaping med til dømes eit seisemålsselskap, ei klyngje eller ei verksemd i same område. Det er kommunane som kan søke, men andre aktørar kan gjennomføre tiltaka.

– Om nokon har gode forslag eller prosjekt på blokka så ta kontakt, seier Søgård.

Søknadsfrist for tilskotsordninga er 30. januar 2024.

HER er link med meir informasjon