Tok opp kommunal medverknad i arealspørsmål på Agdertinget

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum nytta høvet til å drøfte arealpolitikk då han deltok på Agdertinget på Stortinget nyleg. Han tok opp og peika på kor viktig det er med kommunal medverknad i arealspørsmål.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) og Bykle-ordførar Hans Blattmann deltok på Agdertinget nyleg. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) og Bykle-ordførar Hans Blattmann deltok på Agdertinget nyleg.

På sakslista hadde ein gjennomgang av statssekretærrolla og regionperspektivet, og dei folkevalde gjekk gjennom langtidsplanen for forsvarssektoren og ikkje minst forsvaret i Agder. Næringsplanar for havområda og industrielle mogelegheiter i Agder var tema, og ein var dessutan innom berekraftig arealforvaltning i det grøne skiftet. 

Arealspørsmål

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum nytta høvet til å ta opp arealspørsmål. Han peika på at det er avgjerande med kommunal medverknad i spørsmål knytta til arealbruk. 

– Det er viktig med tanke på å legitimere arealbruk og praksis hjå dei dette gjeld, innbyggjarane, seier Myrum.

Nasjonal turistveg

Bykle-ordførar Hans Blattmann slo eit slag for riksveg 9 som Nasjonal turistveg under samlinga.

– Me meiner at alle kriterie er der. Unik natur, kultur og ein veg som er eit godt alternativ til større vegar. Eg fekk ingen lovnader, men me skal arbeide vidare med spørsmålet, seier han.

Blattmann tok også opp problematikken kring etablering av pumpekraftverk. Utfordringa er om vertskommunane kan tape pengar på ei slik etablering.

– Både Fornybar Norge og LVK etterlyser eit nasjonalt regelverk og ordningar som skal sikre oss. Ingen kommunar vil vel vere med på å etablere pumpekraftverk viss ein skal tape på det, så her er ein jobb å gjere, seier Hans Blattmann.