Tore Halvorsen med konsert på Valle bygdeheim måndag 18. desember

Tore Halvorsen, kjend som frontfigur i bandet Ole Ivars, kjem til Valle bygdeheim og Dagsenter måndag 18. desember klokka 13.

Tore Halvorsen kjem til Valle bygdeheim måndag 18. desember. - Klikk for stort bileteTore Halvorsen kjem til Valle bygdeheim måndag 18. desember.

Dagsenter startar som vanleg klokka 10.30, og denne dagen er det også joleavslutning med stor jolebingo. Men som del av dagen blir det altså adventskonsert i tillegg!

Landet rundt

Tore Halvorsen gav seg i Ole Ivars i 2018, og har sidan turnert landet rundt med konsertar for eldre. Han har ei lang karriere bak seg, og difor nok av klassikarar å velje i. Sist han vitja Valle bygdeheim var det stufullt med folk, og det blir det nok denne gonga også. Med slagerar som “Nei så tjukk du har blitt” byr trubaduren på folkelege låtar med glimt i auga.