Tre 25-årsjubilantar fekk påskjøning for lang og tru teneste i Valle kommune

Fredag kveld skipar Valle kommune til det årvisse jolebordet for tilsette. Under samankomsten på Sølvgarden hotell vart tre 25-årsjubilantar heidra.

Frå Valle kommune sitt jolebord fredag kveld. Frå venstre: ordførar Lars Tarald Myrum, 25-årsjubilant Nina Sordal Helle og kommunedirektør Vidar H. Homme. - Klikk for stort bileteFrå Valle kommune sitt jolebord fredag kveld. Frå venstre: ordførar Lars Tarald Myrum, 25-årsjubilant Nina Sordal Helle og kommunedirektør Vidar H. Homme. Ole Birger Lien

Før i tida var det gullklokke 25-årsjubilantane kunne sjå fram til, no er det gåvesjekk på 8000 kr. I tillegg kjem sjølvsagt heider og ære, og gode ord frå ordføraren.

– Kontinuitet er kan hende eit moteord, men betyr noko viktig likevel. Tilsette som er stabile og trufaste er limet i ein kvar organisasjon. Dei tre som rundar denne epoken som tilsette i Valle kommune i år, er ypperlege døme, sa Lars Tarald Myrum.

Frå bygdeheimen til rådmannskontoret

Gunn Marith Homme vart fast tilsett som sekretær på rådmannskontoret i år 2000, men var innom andre avdelingar i kommunen før det. Ho er i dag leiar velkomst. Ingunn Nomeland er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, og arbeidde i barnehagane i Valle kommune frå 1993-2009. Ho er i dag i sving i pleie- og omsorg. Nina Sordal Helle var lærling i heimetenesten i Valle kommune frå hausten 1997. Ho har vore tilsett i pleie- og omsorg sidan 1999, frå 2002 i full stilling. På jolebordet fredag kveld var det bare Nina Sordal Helle av dei tre jubilantane som kunne stille. Ho fekk gåvekortet der og då, medan dei to andre får sine gåver med det første.