Treng fleire bøsseberarar i Valle kommune!
Årets TV-aksjon blir skipa til sundag 19. oktober. Valle kommune har gått ut og bede interesserte om å melde seg som bøsseberarar, men responsen har vore noko laber. No blir alle som kan tenke seg å bruke eit par timar oppmoda om å ta kontakt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 06.10.2025 11:11
Sist endra 06.10.2025 11:11
Anette Brottveit (t.v.) og Annbjørg Bjørgum Sagneskar i Valle kommune håpar mange melder seg som bøsseberarar.
Ole Birger Lien
Å vere bøsseberar tar bare eit par timars tid, men betyr veldig mykje for dei ein samlar inn pengar for. I år går innsamlinga til Atlas-alliansen, som arbeider for å gje funksjonshemma i krigs- og fatigdomsråka land betre tilgang til utdanning, helsetenester, naudhjelp, hjelpemiddel og arbeid - slik at dei sjølv kan bygge betre liv.
Har du spørsmål kan du ringe Valle kommune på tlf 37937500.
Vil du vere bøsseberar? HER KAN DU REGISTRERE DEG