Treng fleire folk i barnehagane

Leiar for barnehagane i Valle kommune, Torgeir Andreas Helle, er på jakt etter nye tilsette.

– Det er auke og pågang, me treng minst to personar i fullt vikariat og meir blir det nok etter kvart, seier han.

Barnehageleiar i Valle kommune, Torgeir Andreas Helle, treng fleire folk. - Klikk for stort bileteBarnehageleiar i Valle kommune, Torgeir Andreas Helle, treng fleire folk.

Med barnehagar både i Valle og Hylestad er det full rulle med 63 born og vel 20 tilsette. Barnehageleiar Torgeir Andreas Helle er i utgangspunktet godt nøgd med dekninga, men no trengst det altså fleire folk.

– I alle fall to fulle vikariat, men så ser det altså ut som om det også kjem til å bli meir behov. Det er i utgangspunktet gledeleg, for det betyr at det er mange born og mykje aktivitet i barnehagane, seier han.

Helle strekar under at det etter kvart kjem til å bli ledige stillingar i ulik storleik.

– Difor er eg interessert i å høyre frå alle som kan tenke seg å arbeide i barnehage. Har nokon spørsmål til meg er det bare å ta kontakt på telefon 94284367, seier han.

HER finn du dei utlyste stillingane