Triakel på scena i Hylestad soknehus i kveld!

I dag tar Setesdal Folkemusikkfestival til, og alt i kveld ventar eit av høgdepunkta i soknehuset på Rysstad, konserten med gruppa Triakel klokka 21.

Triakel står på scena i Hylestad soknehus fredag kveld.

Repertoaret består av viser og folkemusikk, og spenner over alt frå gamle revynummer til skillingsviser og salmar. Funfact: Triakel er den svenske nemninga på ein tradisjonell karamell laga av einebær, fløyte og brunsukker, og som i Hallingdal og Valdres blir kalla for treak eller brisketreak. Bandnamnet spelar på trio, at musikken er like mørk som triakel (treak) og at Emma er søt.

Minnekonsert

Minnekonserten same kvelden blir ei stor hending. Gunnar Stubseid, Bjørgulv Straume, Sigmund Skomedal og Halvdan Furholt skal alle heidrast på det viset som høver best – med folkemusikken! Det er også fredagskvelden at Sparebank Sør sitt folkemusikkstipend skal delast ut. 

Frukost ved Prix Hylestad

Så kan det vere greitt å minne om at  Coop Prix og Hylestad bygdekvinnelag laurdag formiddag byd inn til bygdefrukost, og der vil nok Valle leikarring sjarmere alle frukostgjestar i senk.

Samling sundag flutt til Ose grendehus

Så har samlinga på historisk grunn sundag kl. 14 blitt flutt frå Austad gamle kyrkjegard til Ose grendehus på grunn av det som ser ut til å bli heller dårleg ver. Det blir historieforteljing ved Vilborg Stubseid Hovet og musikkinnslag ved Daniel Sandén-Warg, Sigrid K. Jore, Eldbjørg Trydal Rysstad og Jan O. Rysstad. Vidar Lande er også med og både fortel og spelar.