Bjørn Erling Bakken Auestad og sonen Kim Sigbjørn driv turistinformasjon i Valle med base på Bergtun hotell.
Ole Birger Lien
Med sommarfesten den siste tida har det vore eit yrande liv også i Valle sentrum. Godt då, at turistinformasjonen er på plass for dei som måtte lure på noko. I juli, og fram til 15. august, er det ope dagleg mellom klokka 10-20, medan det er ope frå 11-18 siste halvdelen av august. På Bergtun hotell kan både fastbuande men sjølvsagt først og fremst tilreisande få svar på det meste som handlar om bygdene i kommunen sommarstid.
Trådlaust nett
I turistinformasjonen skal det delast ut brosjyrer og anna informasjonsmateriell, og det er trådlaust nett endåtil med ein utlåns-pc. Også Valle kommune sitt sommarmagasin iValle ligg klart til utdeling.
– Så svarar me på spørsmål, ordnar med transport, gjev turtips og informerer om tilbodet i Valle kommune sommaren gjennom. Det er jo mange arrangement og mykje flott, så det blir bare moro å fortelje om, seier Bjørn Erling Bakken Auestad.