Tverrfagleg team med fokus på born og unge

Det såkalla Tverrfagleg team samla seg i kommunestyresalen i Valle nyleg. Der handla det om korleis born og unge i kommunen har det. 

Tverrfagleg team i kommunestyresalen i Valle. - Klikk for stort bileteTverrfagleg team i kommunestyresalen i Valle. Ole Birger Lien

I det tverrfaglege laget er alle einingar i kommunen som på eitt eller anna vis har med born og unge å gjere, som skular, barnevernet, politiet, helse og oppvekst og liknande instansar. Under møtet såg ein på kva som er utfordringar og kva ein bør prioritere av arbeid i det daglege.

Ungdata

Undersøkingar retta mot elevar i mellomsteget viser at ungdomane på Valle skule nok er som ungdom flest. Litt for mykje skjermtid til tider, eit fenomen ein finn i alle kommunar i landet, men jamnt over god trivsel og helse. På eitt område skil elevar i Valle seg ut, dei er blant dei tryggaste i landet med tanke på skulevegen sin!

Digital rettleiar

Kommunestyret i Valle vedtok i desember 2022 overordna strategisk oppvekstplan. Til planen er det utarbeidd ein tiltaksplan, der eitt av punkta er ein digital rettleiar. Den rettleiaren vart det informert om på møtet denne veka. Som del av samlinga i kommunestyresalen hadde alle einingar ein eigen bolk med informasjon. Politiet peika mellom anna på svært godt samarbeid og dialog med kommunen, skulane og ikkje minst barnevernet. Nettopp denne siste delen av møtet er eit vesentleg poeng for det tverrfaglege laget, fri dialog og korte kommunikasjonsvegar. Tverrfagleg team i Valle kommune møtest to gonger i året.