UKM for Valle og Bykle på Hovden laurdag 9. mars

Det blir livleg i Hovden grendehus laurdag 9. mars frå klokka 15.30. Då samlar ungdom frå Valle og Bykle seg til UKM, Ung Kultur Møtes, kulturfesten der deltakarane er med både på scena og som arrangørar elles!

Laurdag 9. mars er det UKM på Hovden. Her frå kulturfesten i fjor. - Klikk for stort bileteLaurdag 9. mars er det UKM på Hovden. Her frå kulturfesten i fjor.

År ut og år inn imponerer dei med song, dans, folkemusikk og ikkje minst som alt frå konferansierar til anna “rigging” for arrangementet. I år blir det stivpynta Barbie disco, eit forrykande show både familie og vener bør få med seg! Mange titals ungdomar frå begge kommunane har meldt seg på og er klare til innsats!

Rytmisk ettermiddag

I pausen blir det servert kaker og drikke. I fojaeen blir det som vanleg rigga opp kunstutstilling med ungdomane sine eigne arbeid. Det er kultureiningane i dei to kommunane som står bak satsinga, saman altså med dei det handlar om: ungdomen!