Ungdomsringen startar opp i Valle tysdag 19. august
Vil du lære deg å danse gangar? Kva med swing eller reinlender? Den som kjenner det rykker i dansefoten, eller saknar rykkinga, bør møte opp i Spelestoga i Valle tysdag 19. august.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.08.2025 09:04
Sist endra 15.08.2025 09:05
Ungdomsringen startar opp i Spelestoga i Valle.
Linda Dale
Då tar nemleg Ungdomsringen til - ei ny rytmisk satsing som eit samarbeid mellom Setesdal Spelemannslag og Valle kommune der alt frå frå hallingkast til hoftevrikk er høgaktuelt! Frå klokka 17-18 er det full rulle kvar tysdag i haust. Instruktørane Maija Lindås, Sigrid Jore og Marit Løyland er klare til innsats - er du?
Frå 8. klasse og eldre
Alle frå 8. klasse og eldre kan delta i opplegget - og folk frå heile dalen er velkomne. Om ein er røynd eller heilt fersk har ingenting å seie, så lenge ein har lyst til å lære seg å danse.
– No håpar me alle som vil kaste seg ut i det møter opp - og ta gjerne med danseglade vener! seier ansvarleg for Ungdomsringen, Linda Helle.