Ungdomsskulen i Valle på heietur og saueskiljing!

Nyleg var alle elevane i ungdomsskulen i Valle på tur frå Øyuvsbu via turiststien til infosenteret ved Håhellervatnet. Turen var sponsa med 30.000 kr. frå Setesdal vesthei Ryfylkeheiane (SVR) med mål om at ungdomane skulle få auka kunnskapen sin om både villreinen og heieområda dei fota seg i. Ikkje minst var turen eit godt høve til å styrke samhaldet i gruppa gjennom flotte felles naturopplevingar.

Valle skule

Ein dag før turen kom heiemann Tarald Flateland til skulen for å fotelje om jakt og rensdyr. I etterkant av vitjinga laga elevane plakatar om villreinen og heieområda. På sjølve turen vart det ein del regn, men med godt humør og mykje motivasjon brydde ungdomen seg lite - det var jo bare vatn! Heile gjengen overnatta i lavvo ved infosenteret.

Saueskiljing

Etter natta i lavvo var elevane oppe grytidleg for å vere med på saueskiljing. Gjengen hjelpte sauebonden Stein Føreland Straume frå Hylestad med å skilje hans sauer frå dei mange tusen ulldottane som var samla inn. Elevane viste skikkeleg innsats og hadde det tydelegvis mykje moro med leik og læring i dei vakre heiane!

Full innsats! Valle skule Tarald Flateland (til høgre) fortalde elevane om villrein og jakt. Valle skule