
Trygg i vatn er Redningsselskapet sitt kurs i sjølvberging og livredning i vatn. Kurset møter kompetansemåla for elevar i ungdomsskulen. I år er det 20 000 niandeklassingar som deltek på opplæringa om sjølvberging og livredding i regi av Redningsselskapet. Undersøkingar viser at kring 60 prosent av norsk ungdom kan symje 200 meter utan å ha beina i botnen. Det er dårlegast i Norden.
Høg kompetanse
– Dei hadde med seg instruktørar som er i sjøredningstenesta til Redningsselskapet, alt frå ambulansearbeidarar til brannkonstablar, så her var kompetansen på topp, seier lærar ved Valle skule, Kristine Kleiveland.
I løpet av ein spennande og hektisk dag fekk elevane ein grundig gjennomgang av dei fleste punkta som er relevante for å vere trygge i vatn - og ikkje minst kva ein skal gjere viss det skjer noko. HLR, stabilt sideleie og livbøyekasting, og ikkje minst korleis ein skal handtere ein som har problem i vatn, alt dette og meire til fekk elevane øve seg på.