Unge munnharpespelarar frå Valle på Norge Rundt fredag 4. april!

Den flotte reportasjen på NRK Sørlandet 24. mars med unge munnharpespelarar på Valle skule har gått nasjonalt! Etter ein runde i Norge i dag skal reportasjen no også sendast på Norge Rundt førstkomande fredag 4. april.

Frå innslaget på NRK Sørlandet. No kjem same reportasjen på Norge Rundt. - Klikk for stort bileteFrå innslaget på NRK Sørlandet. No kjem same reportasjen på Norge Rundt. Ole Birger Lien

Norge Rundt tar til klokka 19.40 - og i løpet av programmet får ein altså sjå 9. klassingane ved Valle skule og spelemann Daniel Sandén Warg i full sving med munnharpeundervisning som er ein del av Gorrlaus, den interkommunale Unesco-satsinga i Bygland, Valle og Bykle, og som blir gjennomført ein gong kvart halvår i 5.- 10. klasse.

Flotte representantar

Ungdomen i Valle viser seg definitivt frå si beste side i reportasjen. Opptekne av heimkommunen og kulturen, interesserte i å lære seg munnharpekunsten - og med ein meisterspelemann som instruktør.

– Fantastisk reklame både for kulturen og ungdomane våre. At reportasjen no kjem også på Norge Rundt er flott - dette var moro, seier leiar kultur og fritid i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.