Utstillingsopning på Setesdalsmuseet laurdag 14. juni

Laurdag 14. juni opnar utstillinga Løyni på Setesdalsmuseet på Rysstad under tittelen “Ei reise inn i samspelet mellom den materielle og den immaterielle kulturarven i Setesdal”.

Gjennom drakt, handtverkstradisjonar og folkemusikk viser utstillinga korleis tradisjonane påvirkar kvarandre og korleis dei stadig er ein viktig del av kulturarven i dag. Programmet tar til klokka 14 med musikalsk opning av Kirsten Bråten Berg. Leiar på museet Hind Helene Harira ynskjer velkomen, så er det fylkesordførar Arne Thomassen som tar seg av den offisielle opninga.

Suppe og omvisning

Det blir ein presentasjon av utstillinga av kurator Maria Björkroth og Silje Høgevold. Eivind Tanche-Larsen Knutsen kjem med musikalsk innslag før det blir servert setesdalssuppe og ein i tillegg kan få med seg ei omvisning i utstillinga.