Vakre Valle kyrkje i sommarskrud

I Vallebygda ligg det ein skatt prega av ro og verdigheit. Vakre Valle kyrkje i strålande sommarsol er eit syn.

Valle kyrkje i sommarsol. - Klikk for stort bileteValle kyrkje i sommarsol. Ole Birger Lien

Både kyrkjebygget og kyrkjegarden er ein spesiell stad i kvar ei bygd. Så også i Valle, der kyrkja som vart bygt i 1844 står som ein bauta over bygda og menneska i ho, generasjonane som har kome og fare. Livet, heilt enkelt, i kvardag, fest og sorg, alt samla kring eit midtpunkt som “alltid” har vore der.

Som eit smykke

Sjølve kyrkja vart bygt som erstatning for ei kyrkje frå 1600-talet, som låg på akkurat same plassen. Valle kyrkje er ei trekyrkje i krossform. Kyrkja står på Vaddarhaugen, midt i Valle-bygda, og vart innvigd i 1844. Den gamle kyrkja, som vart bygd i 1660-åra, vart då riven. Ein veit ikkje når den aller første kyrkja i Valle sokn vart bygd, men i ei rekneskapsbok frå Paven i året 1327 står det at det var to kyrkjer, ei på kvar side av Otra. Anders Torsson Syrtveit heitte byggmeisteren. Han hadde bygt 6 kyrkjer før, mellom dei kyrkjene i Hylestad og Bygland. Han ville ha 900 speciedalar for arbeidet. Mykje av Valle sokn var mest skoglaust på den tida. Det meste av tømmeret til den laftebygde kyrkja vart difor hogge på Rygnestad-heii, 1,5-2 mil borte. Bord og plankar hadde like lang transportveg, frå Finndalen i Valle austehei, der det var oppgangssag.

Ei stor takk til teknisk eining

Skal ein ta for seg Valle kyrkje anno 2024 må ein også seie noko om kyrkjegarden, og teknisk eining i Valle kommune. For det er rett og slett ei glede å sjå kor flott det blir fjadda rundt kyrkja. Det tykkjest ikkje vere eit einaste grasstrå som ligg “feil”. Rad på rad mellom gravsteinane, graset er slege, kvist og lauv fjerna, det er beint fram makelaust kor fint det er. Med tanke på at kyrkja og kyrkjegarden skal vere ein stad for fred og ettertanke, takksemd og respekt, er innsatsen dei i teknisk eining, med god hjelp av sommarvikarane, legg ned, eineståande. Veret kan vere skiftande, det kan vere mange på ferie, men det tykkjest ikkje ha noko å seie. Ein kjenner seg stolt på vegne av heile bygda når ein ser resultatet av arbeidet som blir gjort her veke ut og veke inn.