Val 2025 - Står du i manntalet?
Du må stå i manntalet for å røyste ved valet 8. september. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen 8. september.
I Valle kommune er manntalet lagt ut til offentleg ettersyn på desse stadane:
Kommunehuset, Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Kva er manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du vert registrert automatisk i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert i før 30. juni 2025. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå. Du kan uansett førehandsrøyste i alle kommunane i Norge, men på valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført.
Dersom du meiner at du sjølv, eller nokon andre, urettmessig er ført opp eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeven. Adresse: Valstyret i Valle kommune, Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle.
Har du andre spørsmål om valet kan du kontakte velkomstsenteret på telefon 379 37 500.
Sametingets manntal
Manntalet for sametingsvalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset. Spørsmål om dette manntalet må rettast til Sametinget på telefon 78 47 40 00 eller e-post samediggi@samediggi.no.