Val i Valle barnehage!

I desse valtider handlar mykje om politikk, parti og retning. Det har barnehagen i Valle teke konsekvensen av - på tampen av sist veke skipa dei til sitt eige val!

Arthur Gabriel Høyland-Sigurslid tenker seg grundig om før han røyster. Valle barnehage

Det vart rigga til eige vallokale, komplett med konvoluttar og røysteboks. Så handla ikkje valet om formueskatt, helsevesen og alt det ein elles høyrer om - borna fekk bruke demokratiske verktøy for å bestemme kva som skulle stå på middagsmenyen den neste veka. Valet stod mellom pasta, fiskekaker og vårrullar.

Fekk ein smak av val

Før røystinga fekk borna kikke på bilete av “kandidatane”, det vil seie matrettane, før dei røysta. Den store valvinnaren vart pasta bolognese - så i tillegg til ein smak av demokrati har altså borna i Valle barnehage også fått ein smak av Italia denne veka!

Oleander Trydal-Falkelid i full sving! Valle barnehage Emma Botn Brottveit gjer borgarplikta si. Valle barnehage